av Liv Torunn Grindheim, førsteamanuensis i pedagogikk ved Høgskulen i Bergen.
Avhandlinga er eit bidrag til å forstå meir om barna sine kvardagsliv i barnehagen gjennom å få kjennskap til korleis barn, som kan sjåast som borgarar, gjer borgarskap. Barna si deltaking i kvardagsliva sine er forstått som å gjere borgarskap. Det er tatt utgangspunkt i problemstillinga: Kva kan gi høve til deltaking og korleis deltek barn i barnefellesskap i barnehagen? Ved å fylgje barna i feltarbeid inspirert av kritisk etnografi, i tre ulike norske barnehagar er målet å spore vilkår for deltaking som kan utvidast for å kome nærare demokrati forstått som utopien om likeverdig sameksistens.
Barna i prosjektet er forstått som agentar; som skaparar av eigne erfaringar gjennom deltaking i barnehagen. Måten barna gjer borgarskap blir sett i lys av ei utvida forståing av læringsfellesskap hos Etienne Wenger, til det Gert Biesta skildrar som ‘educational cultures’, forstått som lærande fellesskap med særskilte verdibaserte mål. Vilkår og deltaking er sett som gjensidig avhengige av kvarandre, situert i konkrete, ulike barnefellesskap og barnehagar. Deltaking som prosessar og kime til endring, mot større grad av likeverdig sameksistens, er operasjonalisert som deltaking som uroar.
Studien viser uventa samanhenger og deltakingsmåtar som kan sjåast som relevante for barneborgarar si demokratiske danning. Leiken trer fram som sentral både som vilkår for deltaking, og for måtar å delta på. Det er det ein leikar, til dømes sosial fantasileik, puslespel eller gøyme-og-fange-leik som konstituerer situerte leikande barnefellesskap. Forskjellige leikar og leiketøy representerer ulike vilkår for deltaking. Det viser seg også at barn i leikande fellesskap kan vere med å snu på etablerte maktposisjonar mellom barn og vaksne. I tillegg til leik, trer også «motstand» og «sinne» fram som deltakingsformer som synleggjer vilkår som kan utvidast slik at fellesskapet kan kome nærare utopien om likeverdig fellesskap. Vilkår som blir aktualisert gjennom deltakinga til barna er spora som forventningar til barn og leik, innreiing av rom, arkitektur, dagsrytme og rutinar for gruppedeling. Studien om kvar og korleis barneborgarane deltek i kvardagsliva sine viser demokratisk danning som kontekstuelle felleserfaringar i ein pågåande prosess.